Eg føler bare for å informere om at eg elsker WolframAlpha svært, svært høgt. Prøv sjøl.
Mattegoogle ♥
February 25th, 2010Plenumsrekning I
February 25th, 2010Slik ser notatene mine i samfunnsøkonomi ut. Eg har bytta ut linjene og sirlige bokstavar med rutepapir og ujamne grafar, funksjonsuttrykk og rekning så komplisert at eg ikkje forstår noke som helst (innimellom). Plenumsrekning i dag, 10-12, litt sliten Mari med kaffi & vestlandslefsa, ramla av heile partiellderiveringa frå første Leibniz-notasjon og slit framleis med å skjønne kva eit argument er, kvifor matematiske uttrykk plutselig har fått identitet, og kvifor derivasjon skal vere så sjukt vanskeleg. Eg trudde det kun fanst førstederiverte og andrederiverte. Det var tull. Kjerneregel, partiellderivasjon, implisitt derivasjon, og funksjonar med altfor mange variablar. Sannsynleg nok kjem det endå verre ting, og eg kjenner ingenting utover pur lukke for at me ikkje kjem til integralrekning før i Matematikk 2 (som for ordens skuld går på engelsk, æææ). No er eg og Knut Sydsæters Matematisk analyse bind 1 (den er tjukk!)
klare for å reise til Vestlandet og mattefaren og få inn litt generell forståing for dette.
På den lyse og fagre sida, så er torsdagsforelesningane dei beste sjølv om eg ramler av, for foreleseren er slik ein festlig fyr som er lidenskapeleg oppteken av musikk, og driv ein lang quest for å finne nokon med doktorgrad i samfunnsøkonomi som har gitt ut plate. Førebels har han funne éin, eit bandmedlem i det brasilianske deathmetalbandet Sarcófago, som visstnok er både hedensk og grusomt. Truleg ikkje tilrådeleg, men dei har visst ein link til Sepultura, som var slik ein schlager blant dei litt eldre ungdommane på Lye på tidleg nittital. Han insinuerte litt halvfrekt (og sikkert heilt korrekt) at kanskje ikkje samfunnsøkonomar er spesielt kreative. Betyr det at eg ikkje er cut out til å bli samfunnsøkonom (eg er ganske kreativ)? Eller kanskje heller at om tjue år så har musikkbransjen fått ein middelmådig pianospelande arbeidersongtrallande musikar med phd. i samfunnsøkonomi? Eller kanskje ikkje. Matematikarar liker forresten ikkje samfunnsøkonomar spesielt godt, ettersom økonomane liker å «fremstille grafiske resonnementer der vi matematikere foretrekker å gjøre det analytisk». Det betyr altså at økonomane liker å teikne grafar. Eg liker å teikne.
Krig & elende
February 3rd, 2010Eller ei historie om å eldast
Då eg var veldig, veldig liten, kanskje 4-5 år, var ikkje krig eit generelt omgrep, det var éi hending. Krigen. Sjølvsagt verdskrigen, den andre, som besteforeldra stundom fortalde røvarhistorier om, andre gonger var me på søndagstur til gamle krigsminne (få ting så morosamt som å leike i gamle bunkersar eller utforske holer der folk budde i år av gongen). Det var uskuldsåra. Så begynte eg å bli eldre.
Ein verdskrig vart til to. Eg trur eg var ignorant nok til å gjennom heile barneskulen tru at det kun fanst to krigar, den første og den andre. Eg var stadig ganske redd for at den tredje skulle kome. Det var alltid så mykje mas om atomvåpen. Sidan lærte eg om krigen på Sri Lanka og krigen mellom India og Pakistan i Kashmir. Og så om den kalde krigen. Så balla det på seg; Vietnamkrigen, Koreakrigen, Den amerikanske borgarkrigen, hundreårskrigen (som ikkje varte i hundre år!), Krimkrigen, Golfkrigen og krigane i Tsjetsjenia. For ikkje å snakke om krigane i Afrika.
Midtausten var for meg ganske lenge berre «Krigen i Midtausten», før det ein gong eit stykke ut i ungdomsskulen gjekk opp for meg at det var fleire krigar mellom dei same om det same. Og med det var trua på at alt ordner seg og går over - til slutt, borte. Historieåret mitt på Blindern har avdekt endå fleire innfløkte krigar, alt frå arabiske ekspansjonskrigar på 700-talet til ein borgarkrig i Libanon eg hadde gløymt. Det blir kanskje drøyt å sei at for kvar bok eg les, dukkar det opp ein ny krig (minst!), men det følest sånn.
Seinast i kveld, på Urix (eg liker at NRK har begynt å sende Urix nesten kvar dag!), reportasje om forhandlingane mellom Armenia og Tyrkia. Det viser seg at det pågjekk ein krig mellom Armenia og Aserbajdsjan i 1993 om ein grenseenklave med så innfløkt namn at eg ikkje hugsar det. Armenia vann. Det var året før eg byrja på skulen.
Og det er faen meg lenge sidan eg har lese om ei fredsforhandling som lukkast.
Ting eg har gjort i dag
January 29th, 20101. Digitalisert notatene mine i Midtausten-historie med smukke, smukke Pages frå Apples iWork.
2. Derivert.
3. Starta løyndomsfull trykkpresse i K7. For abonnement på publikasjon. Send ABO til tlf 40556448.
4. Lese ein 71 sider lang metoderapport om Sløvåg-saka. (Mitt skip er lastet med…) og dermed lært veldig mykje om rare biprodukt av oljeraffinering, onde selskap, manglande kystverkslovar og korleis grave fram informasjon.
Alt dette har eg sjølvsagt gjort fordi mor mi er uroa for at eg studerer for mykje (!). Så no gjer eg det einaste rette og finn raudvin, Bezzerwisser og sofa.
Nerds will rule the world
January 25th, 2010Juleferien er omsider over, eg er tilbake på Blindern, pensum er i hylla og kaffien på traktaren. Matematikken og statistikken er førebels reine barneskirennet, så eg bruker hjernekapasiteten min på midtaustenhistorie og sluker kapittel etter kapittel om islams tidlege historie. (Eit slag her, ei halshogging der, innføring av slaveverksemd og høge skattar for å finansiere stadig større hærstyrkar.) Starta på år 540, har på ei veke nådd fram til første verdskrig, og ligg godt framfor skjema, med andre ord.
No er eg på veg til Blindern halvannan time før eg eigentleg må, har ein date med universitetsbiblioteket for å låne The Middle East in the World Economy 1800-1914, fordi eg er slik ein kjempenerd, og fordi eg ikkje kan sjå for meg anna enn at det må vere dritbra å kombinere økonomi og midtaustenhistorie. (Some day, nerds will rule the world, har eg dessutan høyrt). Georg Sverdrup kallar, eg spring!
Facts of life
January 9th, 2010I fryseboksen min er det -18 grader.
I Oslo var det i går -21.
Det setter ting i perspektiv, og den neste som kaller meg og mine (vestlendingar i Oslo) for pyser, kan stappe ullstilongsen sin ein viss stad.
Om å forholde seg til andre:
December 30th, 2009Back to the future
December 13th, 2009Er i Paris om sånn 44 timar.
Har slutta å rive ut brukte ark i skrivebøkene mine fordi eg syns heilt blankt er aller best.
Ein heilt vanleg dag på jobben
December 10th, 2009Amund (20:35)
Lite å gjere på?
Mari (20:35)
Ja
Bestiller difor tur til Paris no
Amund (20:35)
Gidd du lage ein faktaboks på prestestyret i Iran?
Til meg
Teieøving
December 8th, 2009Noko av det vanskelegaste eg veit om, er dei gongene eg veit om noke sjukt bra, og ikkje kan rope det ut eller seie det vidare til nokon. Eg held meg i det, eg klarer stort sett å tie, men det er så vanskeleg at eg held på å sprekke.


